Fri rettshjelp
Statens sivilrettsforvaltning behandlar klager over avslag på søknad om fri rettshjelp. Klagebehandlinga er avgrensa til saker som blir behandla etter rettshjelpslova § 26, det vil seie klager på avslag frå fylkesmennene og fylkesnemndene. Klage på rettshjelpsavgjerder i domstolen skal påkjærast til overordna domstol. Statens sivilrettsforvaltning behandlar òg klagesaker etter salærforskrifta § 13 andre ledd, det vil seie klager over salær som ikkje er fastsette av ein domstol. Saksbehandlingstida i rettshjelps- og salærsakene er rundt fire veker.
Generelt om ordninga
Formålet med rettshjelpsordninga er å yte bistand til dei som ikkje sjølve har økonomisk evne til å dekkje utgifter til juridisk bistand. Ordninga er regulert i lov om fri rettshjelp av 13. juni 1980 (rettshjelpslova) og i forskrift om fri rettshjelp av 12. desember 2005 (rettshjelpsforskrifta). Det er òg gitt omfattande informasjon om fri rettshjelp i Justisdepartementets rundskriv G-12/05. Nærare føresegn om honorering etter stykkprisforskrifta er gitt i rundskriv G-13/05.
Rettshjelpslova er subsidiær i høve til alle andre ordningar som dekkjer eller erstattar juridisk bistand. Det inneber at ein alltid må undersøkje om ein kan få hjelp etter andre ordningar før ein søkjer fri rettshjelp. Offentlege kontor er som regel til ein viss grad forplikta til å gi rettleiing til den som vender seg til dei. Ettersom den offentlege rettshjelpsordninga er subsidiær, blir det ikkje gitt fri rettshjelp til bistand som ein kan få ved å vende seg til eit offentleg kontor. Tilsvarande gjeld for bistand som kan dekkjast av mellom anna forsvarar- og bistandsadvokatordninga etter straffeprosesslova, forvaltningslova § 36, rådgivingskontor og fagforeiningar, jf. rettshjelpslova § 5.
Fri rettshjelp kan ytast som fritt rettsråd eller fri sakførsel. Fritt rettsråd er i hovudsak bistand som blir gitt utanfor rettargang, mens fri sakførsel er bistand som blir gitt frå og med stemning. Som hovudregel blir det berre ytt hjelp til fysiske personar.
Kven som kan innvilge fri rettshjelp
Alle praktiserande advokatar kan yte fri rettshjelp. Fritt rettsråd kan òg ytast av rettshjelparar. I enkelte prioriterte sakstypar kan advokaten og rettshjelparen sjølv innvilge fritt rettsråd dersom inntekts- og formuesgrensa er nådd, jf. rettshjelpslova § 11 første og andre ledd. I andre saker kan søkjaren eller advokaten søkje fylkesmannen, domstolen eller det aktuelle forvaltingsorganet om bistand.
Søknad om fri rettshjelp
Ein søknad om fritt rettsråd skal som hovudregel sendast til fylkesmannen i fylket der søkjaren har bustad eller oppheld seg ei viss tid. Søknad om fri rettshjelp i utlandet skal derimot alltid sendast til fylkesmannen i Oslo og Akershus. I rettshjelpssaker som blir avgjorde av ein domstol eller spesielle forvaltingsorgan, skal søknaden sendast til den domstolen eller det forvaltingsorganet som skal behandle eller behandlar den materielle saka. Når det gjeld det nærmare innhaldet i søknaden, viser vi til Justisdepartementets rundskriv G-12/05 pkt. 2.5
Økonomiske vilkår
Grunnvilkåret for fri rettshjelp er at søkjaren ikkje må ha ei bruttoinntekt over kr 246 000, jf. rettshjelpsforskrifta § 1–1. Kva som er å forstå som bruttoinntekt, går fram av rundskriv G-12 / 2005 pkt. 3.1. Det er inntekta på årsbasis som skal leggjast til grunn. Inntekter som det ikkje blir betalt skatt av, skal ikkje takast med i utrekningsgrunnlaget. Opplysningar om økonomi skal førast inn i eigenerklæringsskjema og dokumenterast som vedlegg ved kopi av sjølvmelding, lønnsslipp eller trygdeutbetalingar.
For ektefellar og andre som lever saman med felles økonomi, skal samla inntekt og formue leggjast til grunn. Inntektsgrensa er då kr 369 000. Reglane om økonomisk identifikasjon gjeld ikkje for ektefellar som er gifte, men som kan dokumentere at dei formelt eller faktisk er separerte.
Nettoformuen må ikkje overstige kr 100 000. I vurderinga av større verdiar, til dømes bustad, fritidsbustad, bil og fritidsbåt, er det likningsverdien ved siste skattelikning som skal leggjast til grunn. Formue i form av eigen bustad eller driftsmidlar av normal verdi skal det etter fast praksis sjåast bort frå ved vurderinga av om formuesgrensa er overskriden. Når ein ektefelle har fått utlagt ein kontantdel på skiftet og heile eller vesentlege delar av beløpet blir brukt til bustad innan rimeleg tid, blir kontantbeløpet rekna som bunde i bustad.
Sakstypar der det kan ytast fri rettshjelp
Rettshjelpslova skil mellom prioriterte saker utan økonomisk behovsprøving, prioriterte saker med økonomisk behovsprøving og uprioriterte saker. I saker utan behovsprøving får søkjaren hjelp utan omsyn til eigen økonomi, det vil seie utan prøving av inntekt og formuessituasjon.
Dei prioriterte sakene utan økonomisk behovsprøving er nemnde i rettshjelpslova § 11 første ledd, § 16 første ledd og § 17. Dette er sakstypar som er svært viktige for den enkelte, til dømes barnevernssaker, utlendingssaker, erstatning i anledning strafforfølging, erstatningssak mot gjerningsmann, mishandling frå nærståande og tvangsekteskap. Det er òg tvangssaker og saker som gjeld militærnekting o.a.
Ei oversikt over prioriterte saker med behovsprøving er gitt i § 11 andre ledd pkt. 1–7, jf. § 16 andre ledd. Dette er mellom anna saker om ekteskap, skifte og barn, personskade, usakleg oppseiing frå bustad eller jobb, valdsoffererstatning og trygdeklager.
I andre sakstypar kan det unntaksvis ytast fri rettshjelp dersom saka liknar på dei prioriterte sakstypane eller vedkjem søkjaren i spesielt stor grad, jf. lova § 11 tredje ledd og § 16 tredje ledd.
Eigendel
Det skal ikkje betalast eigendel i saker der fri rettshjelp blir ytt utan behovsprøving, det vil seie uavhengig av inntekta og formuen til søkjaren. Den som får behovsprøvd fri rettshjelp, og som har ei årleg bruttoinntekt på kr 100 000 eller meir, skal derimot betale ein eigendel av bistanden. Det kan ikkje søkjast om å få ettergitt eller redusert den fastsette eigendelen.
Eigendelen blir rekna ut etter den offentlege salærsatsen, som frå 1. januar 2009 er kr 870. I saker med fritt rettsråd er eigendelen éin gong salærsatsen, i saker med fri sakførsel 25 prosent av utgiftene, avgrensa oppover til fem gonger salærsatsen, det vil seie kr 4 350. Det skal ikkje betalast meirverdiavgift av eigendelen.
