Stadfesting av testament
Det følgjer av lov om arv m.m. av 3. mars 1972 nr. 5 (arvelova) at eit testament i enkelte tilfelle berre er gyldig når det er stadfesta av Kongen. Kongens kompetanse er ved res. 23. juni 1972 overført til Justisdepartementet. Frå 1. januar 2007 er denne kompetansen delegert til Statens sivilrettsforvaltning. Statens sivilrettsforvaltning hjelper ikkje til med å opprette sjølve testamentet.
Ved søknad om stadfesting av testament utfører Statens sivilrettsforvaltning ei vurdering av om vilkåra for å stadfeste testamentet er oppfylte. Dersom vilkåra er oppfylte, blir testamentet stempla som dokumentasjon på at det er gyldig og stadfesta av Kongen. Det er ikkje fastsett noko søknadsskjema for søknad om fastsetjing av testament. Ved slik søknad må det aktuelle testamentet sendast inn saman med ei utgreiing om grunnlaget for søknaden. Dersom Statens sivilrettsforvaltning finn å måtte avslå søknaden, kan denne avgjerda påklagast til Justisdepartementet.
I dei følgjande tilfella er eit testament berre gyldig når det er stadfesta av Statens sivilrettsforvaltning:
Arvelova § 33
Etter arvelova § 33 kan den som driv næringsverksemd, eller som er medeigar for ein vesentleg del av føretak som driv slik verksemd, fastsetje i testament at næringa eller hans del av føretaket med alt tilhøyrande skal gå til ein eller fleire av livsarvingane hans. Eit slikt testament gjeld berre dersom det er stadfesta av Statens sivilrettsforvaltning, med mindre alle livsarvingane er myndige og har samtykt i ordninga.
Arvelova § 34
Etter arvelova § 34 første ledd kan arvelataren fastsetje i testament at arving som har fylt 18 år, ikkje skal ta pliktdelsarv etter arvelataren dersom arvingen har gjort seg skuldig i brotsverk mot arvelataren eller nokon av sine nære slektningar eller har late vere å hjelpe arvelataren etter evne då arvelataren trong det. Også eit slikt testament er berre gyldig når det er stadfesta av Statens sivilrettsforvaltning.
Arvelova § 48
Etter arvelova § 48 andre ledd må testament frå ein under 18 år vere stadfesta av Statens sivilrettsforvaltning for å vere gyldig.
Arvelova § 73
Arvelova § 73 regulerer tap av arveretten på grunn av brotsverk mot arvelataren eller arvingar etter arvelataren som gjerningsmannen sjølv har eller kan få arverett etter, og som fører til at arvelataren eller arvingane døyr. Reglane i føresegna er ikkje til hinder for at arveretten blir gitt tilbake ved testament, men det følgjer av femte ledd i føresegna at eit slikt testament berre er gyldig når det er stadfesta av Kongen (Statens sivilrettsforvaltning).
