Hopp over navigasjon

Tomtefeste

Tomtefeste er feste (leige) av grunn til hus som leigaren (festaren) har eller får på tomta. Festaren kan på visse vilkår krevje forlenging av festeforholdet eller innløysing av festetomta, jf. lov om tomtefeste av 20. des. 1996 nr. 106 kapittel VI.

Kva rett festaren har til å krevje innløysing, er avhengig av når festeavtale blei inngått, og kva slags tomt festeavtalen gjeld. For festeavtalar som er inngått etter at tomtefestelova tok til å gjelde, er det, med mindre anna er avtalt, berre høve til å innløyse tomter som er festa bort til bustadhus. Krav om forlenging eller innløysing må fremjast innan visse fristar.

 

1.1.2007 blei kompetansen til å avgjere klager over fylkesmannens vedtak i følgjande saker om tomtefeste delegert frå Justisdepartementet til Statens sivilrettsforvaltning:

 

Saker som blir behandla etter lov om tomtefeste av 20. des. 1996 nr. 106
Statens sivilrettsforvaltning har kompetanse til å gi oppreising ved unnskyldeleg oversitjing av fristen med å krevje innløysing eller forlenging av festeforholdet, jf. lov om tomtefeste av 20. des. 1996 nr. 106
§ 36 andre ledd.

 

Statens sivilrettsforvaltning har kompetanse til å avgjere kva som skal følgje med ved innløysing av punktfeste og i område der det er festa bort tomter til fritidshus etter ein samla plan, jf. lov om tomtefeste av 20. des. 1996 nr. 106 § 37.

 

Saker som blir behandla etter lov om tomtefeste slik ho lydde før endringane i 2004
Enkelte saker må i ei tid framover avgjerast etter reglane i tomtefestelova slik ho lydde før endringane i 2004. Det følgjer av
forskrift om overgangsregler ved ikraftsetting av lov 2. juli 2004 nr. 63 at endringane i tomtefestelova § 36 første og andre ledd skal gjelde der krav om innløysing eller forlenging blir fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida ute 1.1.2006 eller seinare. Det inneber at søknader som er fremja på grunnlag av at innløysingstida er inne eller festetida ute før dette tidspunktet, skal behandlast etter tomtefestelova slik ho lydde etter endringane i 2002. Det gjeld likevel berre søknader som er komne inn til fylkesmannen etter at lova tok til å gjelde 1.1.2002. For søknader som kom inn før dette tidspunktet, gjeld lov om tomtefeste av 30. mai 1975 nr. 20.